9 GRADER NORD.

9 grader nord for ekvator finn ein byen Jaffna, på øya Sri Lanka, kor halvparten av bandmedlemmane stammer frå. Med instrument som mellom anna bambusfløyte og cajon vil dei ta publikum med på ei musikalsk reise nærare instinkta. Bandmedlemmane opptredde saman første gong på Festspillene i Bergen si mest fargerike scene våren 2015, men starta ikkje bandet før tidleg i 2016. Sidan då har dei spelt seg varm på fleire av klubbscenene i Bergen, og i 2017 på store festivalar som by:Larm, Bergenfest og Vinjerock.

Saman speler kvartetten det som på lite rettleiande vis ofte kategoriserast som «verdsmusikk», sjølv om musikken byr på ei blanding av ei rekke ulike sjangrar – som baila, flamenco, karnatisk og jazz. Sjølv beskriv bandet musikken med adjektiva energisk, mystisk og rytmisk, og klassifiserer musikken som etnisk progressiv. Visjonen er å utfordre publikum sitt musikalske kosthald ved å servere desse framande tonane. Toler hallingmagar anna enn småmat og lefsekling?