Audun Haukvik på MiniSundreBall.

Som både musikar og pedagog, ynskjer Audun Haukvik å formidle live-musikk, med fullt band, til born og unge. Ei skikkeleg konsertoppleving i eit landskap tilpassa ungar.

Musikken kan seiast å væra alternativ rock, folk og blues eller indie. Med seg på scena har han profesjonelle musikarar. Velkomen til ein ordentleg bornekonsert!

Audun Haukvik byrja si musikalske karriere i ein alder av 16 år i eit gamalt vedskjul på Kongsberg. På den tida gjekk det i 70-tals rock, prog og psykedelia. Etter innspel frå ein lærer på skulen Audun gjekk meldte han seg på eit bluesseminar. Og resten er historie…

Etter ei rekke utgjevingar med bluesbandet Up to Fly og progbandet Mailmaa, starta Audun Haukvik med eiget materiale og eige namn i 2011. Då kom plata Small Town Criminals ut. Deretter ein konsertfilm og utgjevinga STULEN. Denne vart spelt inn på ein gamal støl frå tida før Svartedauden. I 2015 kom EP-en Slow Step Down ut på marknaden.