Krom.

Krom er eit nytt og hardtsvingande tilskot i den norske rockabilly/americana- floraen. Bandet debuterte våren 2016 med albumet Hopp, Karoline! (Gramofon)

Krom skriv eigne låtar, og skil seg ut ved å bruke morsmålet i ein elles så erkeamerikansk sjanger. Musikalsk sneiar bandet innom dei fleste sjangrane under roots-paraplyen, men med eit solid rotfeste i klassisk rockabilly.

Sidan bandet skriv på norsk, er det ikkje til å stikke under ein stol at Vazelina Bilopphøggers blei spelt mykje på guterommet i si tid. Legg ein til artistar som Stray Cats, Seatsniffers, Johnny Cash og Eddie Cochran får ein éin viss peikepinn på kvar landet ligg.

To tekstforfattarar frå kvar si side av vasskillet resulterer i låtar med høvesvis nordfjord- og hallingdialekt. Medlemmane har fartstid frå band som Green Granadas, New Drifters, Beat Tornados, Hard Luck Street, Yngve & his Boogie Legs og Fabel.

Krom er lyden av gutar frå grisgrendte strøk, med hamrande rock’n roll-hjarter fylt til randen av speleglede!

Krom er:
Odd-Erik Lothe – vokal og gitar
Ståle Søndrål Wick – vokal og gitar
Morten Pisani – trommer
Yngve Jordalen – ståbass