Black Horses.

Black Horses har vakse opp i Øvre-Ål der motbakkane rår. Dette har gjort bandet framoverlent, støtt og seigt i stega på veg oppover.

Jentene slo i gjennom på SundreBall i 2017 noko som førte til ein hektisk sommar med spelejobbar rundt om i bygde. Til og med på andre sida av åne, på vestsida, på stasjonssida, der Black Horses tok i mot Sommartoget med tunge rockeføter, briljant fingerspel og heftige ristetak.

Black Horses spelar i hovudsak kjende rockeklassikarar som er laga fleire tiår før dei sjølv vart laga, men dei har også ein neve sjølvlaga låtar på repertoaret. Jentene lovar musikalsk haraball på miniSundreBall!

Black Horses er Sigrid Lerberg Holm på slagverk, Brita Laa på tangentar og vokal, Bergljot Bjella på bass, gitar og vokal, og Ronja Offerdal Gjeldokk på gitar og vokal.