Malin Pettersen.

Gjennom dei siste 11 åra har Malin Pettersen gjort seg kjent som ei av dei beste stemmene og låtskrivarane på den norske americanascena. Lucky Lips – bandet ho har turnert med i mange år har mellom anna vorte kåra til Europas beste bluegrassband, som det einaste norske bandet nokon sinne, og i år vart dei invitert til å spele på prestisjetunge Americanafest i Nashville som eitt av to norske band. Med sitt aller første soloalbum som vart utgitt i mai i 2018 har ho opna sjangeren på vidt gap og med den største sjølvfølgje drive den framover ved å tilsette pop, rock og folkelement til hennar karakteristiske country-sound. Ho har oppnådd tung rotasjon på nokre av Norge sine største radiostasjonar og fått fantastisk omtale for Lucky Lips sine plater så vel som soloalbumet, noko som har resultert i at dei fyrste festivaljobbane for sommaren allereie er i boks for Pettersen.

Den norske americanascenen får for tida internasjonal merksemd og Malin er ein naturleg del av det segmentet verda no rettar auga sine mot.

Med seg til SundreBall har ho Nikolai Grasaasen som til vanleg speler med mellom anna Morten Abel og Bendik Brænne.