Ida Jenshus.

Ida Jenshus dukka for alvor opp i det norske musikklivet for ti år sidan. Allereie frå starten var det tydeleg at Ida hadde eit usedvanleg godt grep om americana-musikken ho tok mål av seg å vera ein del av. I løpet av dei neste fem åra laga Jenshus tre album, «Color Of The Sun» (2008), «No Guarantees» (2010) og «Someone To Love» (2012). Dei sette standarden på den norske americana-scena, og vart velfortent premiert med tre Spellemannprisar.

Men Ida Jenshus er ikkje ein artist som kviler, sjølv på ein ekstra stor haug med laurbær. I 2014 overraska ho alle med å stake ut ein vesentleg anna, og meir utforskande, musikalsk kurs med EP-en «Let It Go». Ei reise til americana-musikken sitt ytterpunkt vart utvida og tydeleggjort på det fram til no siste albumet «Starting Over Again» (2015), der låtane strakk seg opp mot seks, sju, åtte og ni minutt.

I desse fem åra etter at den fyrste album-trilogien var brakt i hamn, har Jenshus vore ein musikalsk pendlar mellom USA og Norge. Ho har tilbrakt vesentleg tid i Los Angeles og Nashville, men mest i Music City. Der har ho samarbeidd med John David Souther, kjend i rockhistoria som JD Souther, ein songar/låtskrivar med tette band til nokre av dei mest framgangsrike artistane i USA – Eagles og Linda Ronstadt.

I november 2017 var endeleg Ida Jenshus ute med sitt nye album, «Two Worlds», og endeleg tek Ida Jenshus turen til Ål att. Me gleder oss til å oppleve ho, denne gongen på Sundrehall.