Miss Tati.

Då Miss Tati kom til Bergen saman med mor si og veslesyster i 1996 var ho berre  ti år. Og oppveksten i Portugal, med angolske røter hadde allereie gitt ho solid musikalsk ballast.

«Musikk er kanskje den viktigaste delen av den angolanske kulturen. Samlingar, festar, rytme og dans. Og frå Portugal har eg alltid elska fado, som er full av lidenskap og kjensler. Her i Norge og Bergen har eg tatt til meg det meir melankolske og chille ein finn i nord-europeisk musikk.»

Sidan ho for alvor starta å satse på ei solokarriere for eit par år sidan, har Tati spelt på dei fleste store norske festivalar, mellom anna Øyafestivalen, Slottsfjell og by:Larm. Og det er ikkje tilfeldig at det er liveartisten Miss Tati har vore fokusert på fram til no.

«Alle låtane mine er på ein måte skrive for eller på scena. Den beste måten å gjera ferdig ei låt på er å spele den live for å sjå korleis publikum reagerer.»

Miss Tati har vekt oppsikt langt utanfor dei norske grenser, og hennar singelutgiving har blitt omtalt av internasjonale aviser og magasin som The Guardian, i-D, Nylon, Essence og Timeout London Magazine.

Me ynskjer Miss Tati hjarteleg velkommen attende til SundreBall for å gi oss ei dose av soul, hip hop og RnB.