Stiv Kuling.

Stiv Kuling er bandet som gir deg lydsporet til ein perfekt fredagskveld, men som òg har låtar som reddar måndagen frå eit blått havari. Musikken dei speler er inspirert av dei tøffaste banda frå 60- og 70-talet, men gutane bringar òg nye, friske element inn i sjangeren dei sjølv kallar Atlantic Ocean Rock ‘n’ roll – med klar referanse til oppveksten ytst på trøndelagskysten. Ein konsert med Stiv Kuling kjenneteiknast av eit nådelaust tight komp, fengjande gitarriff og eit leikent rock’n’roll-piano. Heilt i front har dei ein energisk vokalist som serverer deg refrenga du aldri gløymer.

Bandet har spelt i lag sidan 2004, men debuterte ikkje med sin fyrste full-lengder, «Stiv Kuling», før i mars 2017. Sommaren 2017 spelte Stiv Kuling mange konsertar med eigen musikk i bagasjen, noko som resulterte i mange gode tilbakemeldingar.