The Dogs.

Nytt år, nytt album, ny turné. The Dogs har aldri ligge på latsida, men jaggu ser 2018 ut til å bli deira mest aktive år nokon sinne. Med deira glimrande nye album «The Grief Manual» i bagasjen er det derfor med stor glede at dei tek turen innom oss på SundreBall. For som frontmann Kristopher Schau seier:

«Å kunne ha releasefesten OG årets fyrste konsert på ein festival er jo heilt rått! Det kjem til å bli ei overtenning utan like, men det er jo det som er det artigaste òg. Etter alle desse åra med speling så veit me med oss sjølv at det alltid er noko spesielt med desse fyrste kveldane. Å endeleg få spele låtar frå den nye skiva live for aller, aller fyrste gong. Det er ei nerve der som er heilt spesiell. Jævleg moro å få gjort det på ein festival for ei gongs skuld. Endå artigare at det skjer på Ål. På tide at me fekk koma heim til Bjella, ikkje berre omvendt.»

Hald av SundreBall-helga. Det er ikkje kvar dag Norge sitt MINST kjedelege band kjem på besøk!