The Largo.

The Largo er eit debuterande band stasjonert i Oslo. Sidan starten tidleg i 2017 har dei tre medlemmane praktisk talt budd i Malabar Studio saman med produsent Christer Knutsen, der dei speler inn sitt debutalbum. Låtane er mixa av Martin Bowitz og Jørgen Larsen. Brian Lucey i Magic Garden Mastering skal stå for mastringa av deira fyrste album.

The Largo speler hardtslåande, riffbasert ørkenrock anno 2017 toppa med sterke vokalar som ropar attende til storheitstida på 60- og 70-talet.

The Largo består av Alf Magne Hillestad (trommer), Jan Ole Kristensen (gitar og vokal) og Lars Isachsen Jemterud (bass og vokal).