Hege Øversveen.

Hege er ein artist som elskar å stå på scena. Utstråling og formidling av historier treff publikum. Dette kan vera på ein intimkonsert med publikum ein meter frå scenekanten, eller ein festivalkonsert med full trøkk.

Ho ligg i eit melodiøst grenseland mellom country, pop og rock. Det har blitt sagt at ho veit å balansere mellom Hank Williams sin hulking og Sheryl Crow si kraft.

Ho markerte seg med fantastisk stemme og utstråling då ho i 2012 sto som ein av dei fire finalistane i The Voice. I 2013 ga ho ut sin fyrste full-lengder You Don’t Know Me. Den låg heile 7 veker på VG-lista og vart i Klassekampen omtala som eit av dei ti beste norske albuma i 2013.

Som låtskrivar har Hege ei stor spennvidde. Det finst like mange hjarteskjerande og triste balladar, som optimistiske og popaktige låtar. Med både tempo og energi. Og ho skriv mykje om livet ho sjølv har levd. Trass si korte karriere som låtskrivar, gjorde talentet hennar straks inntrykk. Det har tatt ho til Nashville to gonger. Og den fyrste turen resulterte i EPen Heartfelt.

Live opptrer ho både åleine, saman med ein gitarist eller med fullt band. Og ho tenkjer på scena som sitt absolutte «Happy Place».