Adam Douglas.

Stjernekampvinnaren Adam Douglas frå Oklahoma har for lengst etablert seg i Norge som ei av dei ypparste soulstemmene det norske publikummet har sett. Med sin singer/songwriter-bakgrunn frå USA har han spelt og samarbeidd med mange internasjonale stjerner som Jon Bon Jovi, Larry Carlton, Robben Ford og Michael Landau. Fleire norske artistar, som Marit Larsen, Frode Alnæs og Vidar Busk, har òg hatt gleda av å samarbeide med Adam.

Eit unikt særpreg kjenneteiknar Adam sin musikk og fantastiske stemmeprakt, kor ein fort får assosiasjonar attende til dei ekte soul- og bluesrøtene frå heimlandet hans. Likevel famnar det musikalske uttrykket hans breitt, og anmeldarane sparte ikkje på godorda då han albumdebuterte med «I May Never Learn» i 2015.

Med sin «nice guy»-framtoning, hatten på hovudet og gitaren lada, er det ikkje ein fot som ikkje trampar takta inn i Adam sitt musikalske univers. SundreBall-gjestane vil få oppleve ei folkeleg og ekte musikkleveranse som famnar om det beste av pop, folkemusikk, RnB, country og rock’n’roll.