The Northern Belle.

The Northern Belle har sett seg i bilen og køyrd frå Nashville til San Francisco. Dei søte pop-countrytonane er framleis godt representert, men med ein frisk bris av sjøluft. Det er som om Eagles hadde hatt Kacey Musgraves og Jenny Lewis som låtskrivarar og gjestevokalistar.

Det skyl ei bølge av norsk kvalitetscountry- og americana over oss – ein tendens som har gått føre seg i fleire år no. Blant pionerane i denne nye rørsla finn ein The Northern Belle. Heilt sidan bandet spelte sin fyrste konsert i 2013, og platedebuterte i 2015, har dei vore med å lede an denne bølga, og med nytt kritikarrost album er dei meir aktuelle enn nokon gong. Blinding Blue Neon, som vart utgitt i oktober 2018, har mellom anna fått terningkast 6 i Aftenposten. Det er berre å glede seg til dei komande roadtripane – for det nye albumet er heilt klart ei køyreplate.

6/6 – Aftenposten, Svein Andersen: ”Gleden og melankolien, hjerte- sorgen og spillegleden går hånd i hånd. Hver sang er en liten fortelling som må bli sagt, hver tone gir historiene vingekraft til å lette.”

The Northern Belle:
Stine Andreassen: Vokal/el.gitar /akustisk gitar /låtskrivar
Svein Inge Bjørkedal: Trommer/perkusjon
Bjørnar Ekse Brandseth: El. gitar/pedal steel
Johanne Flottorp: Hardingfele/fele/kor
Yngve Jordalen: Bass
Ole-André Sjøgren: El. gitar/akustisk gitar/12-strengers/leslie-gitar/piano/kor
Marie Tveiten: Kor