Laura Cox Band.

Laura Cox sine voggesongar vart spelt av The Band, ZZ Top, Johnny Cash, Dire Straits og mange andre legendariske band. Som fjortenåring plukka ho opp gitaren, og berre 3 år seinare byrja ho å legge ut gitarsoloar på internett, noko som har gitt ho ei gigantisk fan-skare, og som har ført til skryt frå sjølvaste Joe Bonamassa.

I 2013 forma ho Laura Cox Band, fyrste singel kom ut i 2014, og i 2015 vart dagens sett saman.  Dette er eit band som likar å variere stil-uttrykket sitt, noko som gjer at dei blir liggande ein stad mellom AC/DC, ZZ Top, Aerosmith og Blackberry Smoke. Ikkje feil stad å vera… Alt i alt er dette eit ungt, fransk band i storform som spelar musikken til ein gamal, alkoholisert rockar – country, blues, sørstatsrock, hardrock, eller ei blanding av alle sjangrane, avhengig av kva dei føler for. Eller som dei sjølv kallar det: Southern Hard Blues.