De Marvells.

De Marvells beveger seg i mange sjangrar, og sjølv klarer dei ikkje å sette peikepinn på eksakt kva dei speler, men rock’n roll er det utan tvil. Med ein vokalist i front som ei ung, kvinneleg Iggy Pop, drar ho deg inn i eit rått 60-talls lydbilete. Resten av bandet tilfører ein dynamikk som på mange måtar følast ut som eit tidleg Led Zeppelin/MC5.

Med groove og råskap på alle parti og ein sugerande bass som følgjer dei pågåande  trommene. Gitaren legg seg som eit eiget lim over det heile med ei tung og psykedelisk tone. Energien til alle får dette til å bli ein konsert du ikkje vil gå glipp av.