Black Debbath.

Det har herska det reinaste kaos i norsk offentlegheit den siste tida. Politikarane si grenselause kåtleik har spelt dei fullstendig ut over sidelina, medan media fortaper seg i alskens uviktigheiter på jakt etter klikk og kontrovers. Verda står i brann og alle ser ut til å gi faen. Saknet av ei styrande, moden og resolutt hand er påtakeleg, og folk har spurt seg: Kvar er Debbath? Den femte statsmakt? Har dei gløymt oss? Mange har gråte.

Men, neidå! Debbath har ikkje gløymt. Debbath har berre kvilt seg litt og samla krefter til nok eit frontalangrep på ein stat som har tapt sine ideal, ein offentleg debatt som utartar og ei presse som søv der den i det minste burde ha vore halvvaken.

I oktober var Black Debbath attende med sitt åttande album Norsk Barsk Metall.

Det er berre Black Debbath som har den nødvendige autoritet i alle leirar til å ta dette nødvendige oppgjeret med samfunnsutviklinga. Med tungrocken si kraft er dei umoglege å argumentere mot, då dei vinn ein kvar krangel og diskusjon gjennom overdriven volum, groove og samspel. Dette kjem klart til uttrykk på den nye plata der dei mellom anna går til frontalangrep på kongehuset med Legg monarkiet ut på anbud, dei påpeiker behovet for Etiske retningslinjer for tryllekunstnere og trollmenn og dei kastar lys over rovdyrdebatten frå alle sider med Hele Norge roper ulv! Dermed er det endeleg håp om at offentlegheita vil falle til ro att, og at me alle kan konsentrere oss om viktigare ting.