Bare Egil og Aslags superpopulære barneshow.

Aslag Guttormsgaard og Egil Hegerberg har spelt saman i over 20 år i band som Hurra Torpedo og Black Debbath. Aslag er òg velkjent frå diverse roller i barne-TV-seriar som Hønsemannen, Lesekorpset og Kometkameratene. Egil er kjent frå TV-program som Brille og Nytt På Nytt og sitt eige Bare Egil Band, som har vist seg å ha stor gjennomslagskraft både blant born og vaksne.

Saman presenterer dei eit superpopulært barneshow i grenseland mellom konsert og teaterstykke. Etter meir enn 200 framsyningar både i regi av Rikskonsertene, Den kulturelle skulesekken og diverse kulturhus og andre konsertscener er showet godt innøvd, men med ekstremt mykje publikums-involvering er aldri to framsyningar like. Dette er nemleg eit svært morosamt, men til tider òg svært utfordrande show for borna. Her får dei ofte sitt første brutale møte med alt frå ironi til ein del ubehagelege sanningar som dei kanskje ikkje er heilt vane med å høyre, som at born faktisk er ein god del dummare enn vaksne og at dei òg er svært bråkete. Dette siste er på mange vis eit sjølvoppfyllande profeti for det blir som regel eit valdsamt engasjement i publikum.

Bare Egil: «Jeg ble aldri konfrontert med min åpenbare mangel på talent, og det er noe hele samfunnet sliter med i dag. Jeg er jo overalt. Jeg er på TV, kommer med en plate og jeg holder barneshow. Det er jo galskap! Jeg aner ikke hva jeg driver med. Når barna får se resultatet av dette, så skjønner de at de må skjerpe seg og skape et samfunn hvor ikke folk som Egil og Aslag står for barneunderholdningen.»

Høver best frå 6 år og oppover.