
Det er mange som har ynskt seg Senjahopen på SundreBall, og endeleg klaffar det. Senjahopen skal ut på glatta i 2027 og etter å ha turnert land og strand i snart to tiår, kjem dei altså innom Ål.
Senjahopen driv med allsongvenleg rock som er like livsfarleg som såpebobler og like provoserande som ei barneteikning. Dei har gitt ut ein god stabel med låtar som meir eller mindre beskriv eit liv du anten skulle ynskje at du levde, eller som du er glad for at du slepp, og dersom du reiser heim etter konserten med dette orkesteret utan å ha kosa deg, så er det deg det er noko feil med.
Neidå, det er ingen grunn til å vera så brutalt påståeleg, men det er uansett heva over ein kvar tvil at dersom du går glipp av denne konserten, så er det som å ha missa ein skikkeleg runde med mors aller beste kjøtkaker. Og det vil du vel ikkje?
Det vert prata mykje om KI i desse dagar, og dersom kunstig intelligens nokosinne klarer å dikte opp ein så solid porsjon med deilig leven som blir framført i ein så stor grad med livet som innsats, så er det ingen tvil om at menneskeætta er i fare.



