Tønes

Dag
Fredag

Tønes heiter eigentleg Frank Tønnesen, kjem frå Sokndal i Rogaland, og er ein av dei beste låtskrivarane og tekstforfattarane i landet. På peishylla har han så langt Prøysenprisen, Dialektprisen og fire Spellemannprisar. Suksessoppskrifta til Tønes er ikkje ulik den fleire artistar frå Hallingdal nyttar: Underfundige og humoristiske historier, og kvardagsfilosofi om små og store ting, skrive og framført på dialekt.

Med seg til SundreBall har han Anne Lise Frøkedal, ein musikalsk makker som kler Tønes sitt univers som hand i hanske.

Frøkedal er ein anerkjent artist og låtskrivar i eige namn og i andre orkester som har gjesta Ål og Sundrehall fleire gonger: Frøkedal & Familien, Bergen Mandolinband og Lady Hardanger. Ho er kjend for si særeigne stemme og evne til å skape stemningsfulle, melankolske og tidlause lydlandskap.

Ein kveld med Tønes og Anne Lise Frøkedal byr på lune historier, ærlege betraktningar og ein god porsjon latter, alt levert med glimt i auga og med hjartet på rette staden.

Fleire artistar