
Vår eiga Tove Bøygard kjem med sitt 10. album 15. januar 2027 og sleppkonserten vert sjølvsagt på SundreBall.
Med ti album i gitarkofferten har Tove Bøygard etablert seg som ein markant, inderleg og kritikarrost artist. Det nye albumet, «Fanderi», er spelt inn i Kleiva Studio i Halden og inneheldt ti flunkande nye låtar pakka inn i ein fandenivaldsk og energisk miks av rock, folk og americana.
Med seg i studio og på vegen har Tove sitt faste, botnsolide stjernelag av musikarar: Freddy Holm på store mengder av strenger og tangentar, Jørun Bøgeberg på bass og Eivind Kløverød på trommer.
Pressa sparar ikkje på krutet når dei beskriv Tove Bøygard sitt musikalske univers. Mellom anna beskriv Dagbladet ho som «en god miks av Emmylou Harris, Lucinda Williams og Patti Smith». Tove Bøygard er kjent for sine intense sceneframføringar der ho med råskap og brennande engasjement formidlar sterke melodiar og tekstar til ettertanke.
Siste nytt frå Votndalen: Tove og bandet gler seg veldig til å gje jernet med «Fanderi» på SundreBall i januar. Me gler oss også – ver der!



