Violet Road

Violet Road

Festival
SundreBall 2027

Endeleg kjem Violet Road til SundreBall!

Og Violet Road kjem heile den lange vegen frå Tromsø og består av brørne Håkon, Hogne og Halvard Rundberg, samt Espen Høgmo og Kjetil Solberg. Med sin unike kombinasjon av folk, pop og americana, har bandet sidan debuten trollbunde publikum med sin særeigne stemning og genuine nærvær på scena.

Når Violet Road inntek SundreBall vinteren 2027, er det duka for ein kveld fylt av energi, varme og ekte nordnorsk speleglede. Bandet, kjent for sine fengande melodiar og særeigne harmoniar, har i over eit tiår begeistra publikum over heile landet – og no står Ål og Hallingdal for tur til å oppleva dei i sitt aller beste element.

Med sitt karakteristiske lydbilete, sterke formidling og ein smittande entusiasme på scena, har Violet Road styrka sin posisjon som eit av landets mest folkekjære liveband. Publikum kan vente seg både nye låtar og kjente favorittar som vil få heile Sundre til å synge med.

Fleire artistar