Bli frivillig på SundreBall
Utan frivillige, ingen SundreBall. Me treng folk i baren, ved inngangen, til rydding og morgonvask og til køyring. Du vel sjølv vaktene du vil ha, og melder deg på her på sida.
- Gratis inngang for ei vakt, og festivalpass om du tek fleire. Kva kvar vakt gjev, står ved vakta.
- Frivillig-t-skjorte, og kaffi, brus og pølse på vakta.
- Frivilligfest og god stemning saman med resten av gjengen.
Lurer du på noko? Spør i Facebook-gruppa «Frivillige SundreBall» eller send ein e-post til post@sundreball.no.

SundreBall-helt!
Vil du vera med å hjelpe til som frivillig på SundreBall?
Meld deg inn på Facebook-sida «Frivillige SundreBall» eller send oss ein e-post: post@sundreball.no
Behova er mange; servering, marknadsføring, billettsal, køyring, kjøkkenteneste, sjauing, rigging, pynting, vasking og rydding.
Me kan love deg god stemning og samkjensle, mykje moro, og kanskje vert du kjent med fleire nye og gamle ålingar?
Hjarteleg takk til alle frivillige heltar som gjer det mogleg å arrangere SundreBall år etter år!

Ingrediensar:
1 stk triveleg bygd
1 stk grendahus
1 stk stort telt
2 ss frivillige
1 pk artistar
Slik gjer du:
1. Forvarm grendahuset og teltet til 18° og putt inn dei frivillige
2. Tilsett bygd og artistar, og rør kraftig
3. Server med stort engasjement og glede!
Meld deg som frivillig
Kryss av vaktene du vil ta, fyll inn namn og kontaktinfo, og send inn. Du får ein e-post med ein gong, og frivilligsjefen stadfestar vaktene dine etterpå.
- Vel vakterKryss av dei du vil ta. Du ser kor mange plassar som er ledige, og kva billett du får.
- Send innNamn, mobil og e-post. Du får ein e-post med ein gong som stadfestar kva du har meldt deg på.
- Få svarFrivilligsjefen godkjenner og sender deg vaktene dine, kvar du møter og kven som er ansvarleg. Kan du ikkje likevel, trekk deg med lenka i e-posten.