Personvern

SundreBall samlar inn så lite som råd om deg. Her står kva me lagrar, kvifor, og kva rettar du har. Sist oppdatert 5. oktober 2026.

Kven som er ansvarleg

SundreBall (org.nr 922 626 774), Sundrevegen, 3570 Ål, er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar på sundreball.no. Spørsmål sender du til post@sundreball.no.

Informasjonskapslar og sporing

Nettsida set ingen informasjonskapslar (cookies) for vanlege besøkande, og me brukar ingen analyse- eller sporingsverktøy. Berre dei som loggar inn for å redigere sida, får ein nødvendig innloggingskapsel.

Serverlogg

Nettsida ligg hos Domeneshop AS i Noreg. Serveren loggar IP-adresse, tidspunkt og kva side som vart henta, slik alle nettstader gjer. Loggen vert brukt til drift og tryggleik, og vert sletta etter kort tid i tråd med vilkåra til Domeneshop.

E-post

Sender du e-post til oss, lagrar me han så lenge me treng for å svare og følgje opp saka. Me deler ikkje e-postadressa di med andre.

Billettar

Billettar kjøper du hos eBillett. Opplysningane du gjev der (namn, e-post, betaling) vert behandla av eBillett etter deira eiga personvernerklæring, ikkje av oss. Me får berre tal på selde billettar og namn til bruk ved inngangen.

Bilete frå festivalen

Me publiserer bilete frå festivalen på nettsida og i sosiale medium. Biletet viser stemninga og arrangementet, ikkje enkeltpersonar. Er du med på eit bilete du ikkje vil ha ute, send oss ein e-post, så fjernar me det.

Frivillige

Melder du deg som frivillig på nettsida, lagrar me namn, mobilnummer, e-postadresse, kva vakter du har valt, kva alder du har oppgjeve, og det du eventuelt skriv i kommentarfeltet. Me treng dette for å setje opp vaktlista, gje deg beskjed om vaktene dine og gje deg fribillett ved inngangen. Grunnlaget er avtalen om frivillig innsats.

Opplysningane ligg i databasen til nettsida hos Domeneshop i Noreg, og berre frivilligsjefen og dei som redigerer nettsida ser dei. Namnet ditt og vaktene dine står på vaktlista som me deler med dei andre frivillige, via ei lenke som ikkje er offentleg og ikkje kan finnast i søkjemotorar. Mobil og e-post er aldri med der. På sjølve nettsida visast berre fornamnet ditt ved vakta, og berre om du har kryssa av for det. Me sender e-post til deg frå post@sundreball.no om påmeldinga og vaktene. Lista vert sletta innan 1. mai etter festivalen. Har du kryssa av for at du vil ha beskjed når påmeldinga opnar neste år, tek me vare på namn og e-post til det, og kvar e-post har ei lenke for å melde seg av. Vil du endre eller trekkje påmeldinga, eller få opplysningane sletta før det, send ein e-post til post@sundreball.no.

Rettane dine

  • Du kan be om innsyn i kva me har lagra om deg.
  • Du kan be om at opplysningar vert retta eller sletta.
  • Du kan klage til Datatilsynet (datatilsynet.no) om du meiner me behandlar opplysningane feil.

Ta kontakt på post@sundreball.no, så svarar me så snart me kan.