Praktisk info

Billettar og aldersgrense

Billettar kjøper du hos eBillett. Bruk knappen «Kjøp billettar» øvst på sida. Festivalpass gjeld alle dagane, kveldspass gjeld éin kveld.

Aldersgrense

  • Torsdag: Fri aldersgrense
  • Fredag og laurdag: 18 år
  • Mini-SundreBall: For heile familien, fri aldersgrense

Hugs legitimasjon.

Slik kjem du deg hit

SundreBall går føre seg på Sundre, midt i Ål sentrum, i grendahuset Sundrehall og i teltet like ved.

Tog

Bergensbanen stoppar på Ål stasjon, og frå stasjonen er det ca 10min å gå til Sundre. Sjekk togtider og kjøp billett hos Vy. Om du tek tog frå Oslo eller Bergen, så vel eit tog som kjem fram i god tid før konsertstart.

Bil

Det er gratis parkering ved Sundrehall. Vegen over fjellet kan vere stengd eller ha kolonnekøyring i januar. Hugs å sjekk vegvesen.no før du køyrer frå vest.

Taxi og buss

Kjem du frå Nesbyen, Geilo, Gol eller andre stader i Hallingdal, så går det buss til Ål på dagtid, men ikkje etter siste konsert. Bestill taxi på førehand: Ål Drosjesentral 32 08 11 01

Overnatting

Ål har hotell, hytter og camping i gangavstand frå festivalen. Det er lurt å bestille tidleg.

Mat og drikke

Det er bar med øl, vin og drinkar i teltet og i togvogna på Sundrehallplassen, og du får kjøpt mat under festivalen. Me tek kort, kontant og Vipps.

Det er ikkje lov å ta med eigen drikke inn på festivalområdet.

Kle deg for januar

SundreBall er ein vinterfestival, og deler av festivalen er i telt. Teltet er oppvarma, men det er januar i Hallingdal: ta med varme sko og ei jakke du kan ha på deg på tur heim att. Det er garderobe på Sundrehall der du kan henge frå deg klede på eige ansvar.

Tilgjenge

Sundrehall og teltet er tilgjengelege med rullestol, og det er HC-toalett på staden. Følgjeperson med bevis vert godteke og følgjepersonen kjem inn gratis. Send oss gjerne ein e-post på førehand om du treng tilrettelegging, så skal me prøve å ordne med det.

Kan eg kjøpe billett i døra?

Ja, men berre om det er att. Dei siste åra har festivalen vore utselt før konsertstart.

Får eg refundert billetten om eg ikkje kan kome?

Nei, billettar vert ikkje refunderte, men du kan gi dei vidare til nokon andre.

Kan eg gå inn og ut under festivalen?

Ja, du får eit armband.

Kan eg vere frivillig og sjå konsertane?

Ja! Frivillige får gratis inngang ein av kveldane eller festivalpass. Les meir på Frivillige.

Kontakt

E-post: post@sundreball.no
SundreBall, Sundrevegen, 3570 Ål
Org.nr 922 626 774

Nyheiter

Alt som har skjedd rundt SundreBall, nyaste først.

Ingen nyheiter enno.