SundreBall
  • Heim
  • Billettar
  • Program
  • Speleliste
  • Festivalen
    • Frivillige
    • SundreBall-avisa
    • Sponsorar
  • Presse
  • Medlemskap
  • Menu Menu
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
  • SundreBall Musikk-quiz

Tradisjonell Gjeldokk Brothers-quiz

Kva gjer du om du ikkje kan svaret på spørsmål om musikk? Du lagar spørsmåla sjølv og arrangerer musikk-quiz.
Morten og Tore Gjeldokk har omlag 75 år med musikkinteresse bak seg. Grunna manglande rytmesans og dobbelsidig tonedauvheit, har dei konsentrert seg mest om historiene og skrønene bak musikken. Medan Morten starta i lære hjå quizmaster Velure på Folkemusikkveka i 2013, starta Tore quizkarriera si som Jeopardy!-deltakar på slutten av 90-talet. Her fann han ut at løysinga med at andre har svaret, og at han stiller spørsmålet høvde best. I 2015 vart dei henta inn for å teste musikkunnskapen til SundreBall-gjengarane, og fekk etter det fast arbeid på festivalen. Og det viser seg å nytte.

Ikkje berre har musikkompetansen auka betrakteleg hjå Gjeldokk-karane, men det har òg blitt fleire deltakarar for kvart år. Ingen SundreBall-quizar let eit dødsfall i musikkbransjen gå upåakta hen. Kunnskap om denne personen kan trass alt koma til nytte under SundreBall… Har SundreBall Musikk-quiz auka livskvaliteten til SundreBall-gjengarar? Neppe. Men som Madonna seier i Like a Prayer: «Life is a mystery», og kanskje får ein svar på nokre av mysteria under SundreBall 2023…?

Yellowroots

13. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Michelle Ullestad

13. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Jaa9 & OnklP

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

TORA

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

brenn.

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Tonje Halbjørhus

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Ida Maria

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Heigh Chief

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Staut

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Gammalgrass

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

ADRESSE

Sundrevegen 104, 3570 Ål

KONTAKTINFORMASJON

Festivalsjef: Bjarte Laa

Mobil: 976 18 996

E-post: festivalsjef@sundreball.no

Informasjonskapslar

  • Les meir om cookies
© Kopirett - Levert av Hallingdølen AS
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
Scroll to top