Festivalen
Når det tek til å bli seigt å halde ut med nyttårsforsetta, appetitten har kome seg att etter late juledagar med feit mat, kald akevitt og småkaku, og medan festival-Norge elles ligg i vinterdvale, så har kulturbygda Ål i Hallingdal etablert ein tradisjon for å starte det nye musikkåret med festival siste helga i januar: SundreBall
Ål? Midt i mellom Oslo og Bergen anten du køyrer bil eller tog. Ei kulturbygd der du knapt kan passere ei peishylle utan å dulte borti ein Spellemannpris. Me nemner artistar som Toradertrioen, Hellbillies, Stein Torleif Bjella, Darling West og Tove Bøygard.
SundreBall musikkfestival går føre seg på Sundre, sentrum i Ål, i grendahuset Sundrehall, som stod ferdig i 1927. Dette er rammene og kulissene for ein intim musikkfestival i «den kalde, fine tida» som trekker til seg både stuttreiste og utanbygds publikum og artistar.
Øystein Etterlid og Erlend Medgard starta opp festivalen, som no har blitt eit årleg høgdepunkt for både hallingar og tilreisande. For å sikre festivalen, vart foreninga SundreBall stifta. I vedtektene står det at formålet vårt er å skape gode musikkopplevingar for publikum og artistar i Hallingdal.
Mål:
• Arrangere SundreBall Musikkfestival årleg på Sundre
• Vera heilårsarrangør av musikkarrangement i Ål kommune
Arrangementa skal, om det er mogleg og hensiktsmessig, nytte mest mogleg lokale leverandørar og samarbeidspartnarar.
Ynskjer du å støtte festivalen? Bli medlem!