SundreBall-helt!

Hjarteleg takk til alle frivillige heltar som gjer det mogleg å arrangere Sundreball år etter år

Vil du vera med å hjelpe til som frivillig på neste SundreBall?
Meld deg inn på Facebook-sida «Frivillige SundreBall», eller send oss ein e-post: post@sundreball.no
Me kan love sosialt lag, mykje moro og nye kjenningar.
Behova er mange;  servering, billettsal, køyring, sjauing, rigging i forkant og rydding i etterkant.

Ingrediensar:

1 stk triveleg bygd
1 stk grendahus
2 ss frivillige
1 pk artistar

Slik gjer du:

1. Forvarm grendahuset til 18° og putt inn dei frivillige
2. Tilsett bygd og artistar, og rør kraftig
3. Server med stort engasjement og glede!