SundreBall
  • Heim
  • Billettar
  • Program
  • Speleliste
  • Festivalen
    • Frivillige
    • SundreBall-avisa
    • Sponsorar
  • Presse
  • Medlemskap
  • Menu Menu
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail

Ida Maria

Punkedronninga Ida Maria er endeleg attende på vegen – og vegen – den går sjølvsagt innom SundreBall!

Kor lenge er det sidan du har tillate deg sjølv å riste av deg alt kvardagsstress, covid-stress, økonomisk stress, kjærleiksstress, jobbstress og berre klikke i vinkel i ein moshpit (øv heime fyriåt) med likesinna? 

No er det tida for å få ut alt gruff, for Ida Maria kjem til Sundre! Lås inne jomfruene, send foreldra på hytta, skaff deg barnevakt og sørg for at du har full friheit til å gå bananas.

I 2021 ga Ida Maria ut «Dirty Money» med fem rett-i-trynet rockelåtar proppfulle av energi, råskap, primalskrik og sterke bodskap. Ida Maria snakkar som vanleg rett i frå levra og tek eit sterkt oppgjer med eiga fortid og dei usunne og uoppnåelege kvinneideala me stadig har vorte fora med.

«Jeg tenker med skrekk og gru på hvordan det må være å vokse opp som jente nå i en verden full av sosiale medier, fasadefronting og beauty filters. Da tror jeg det er ekstra viktig å ha sunne kvinneidealer som understreker viktigheten av å tørre å være seg selv. Jeg kjemper for at talentfulle kvinner skal kunne blomstre som musikere uavhengig av deres utseende»

No tek Ida Maria med seg bandet sitt på ein sjeldan norgesturné: “Moshpit Dirty Money Tour” med følgjande oppfordring: «Crush the illuminati buy bitcoin buy land get the fuck out of the city start a farm with friends.»
Dette blir sveitt, intimt og energisk!

Yellowroots

13. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Michelle Ullestad

13. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Jaa9 & OnklP

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

TORA

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

brenn.

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Tonje Halbjørhus

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Ida Maria

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Heigh Chief

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Staut

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Gammalgrass

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

ADRESSE

Sundrevegen 104, 3570 Ål

KONTAKTINFORMASJON

Festivalsjef: Bjarte Laa

Mobil: 976 18 996

E-post: festivalsjef@sundreball.no

Informasjonskapslar

  • Les meir om cookies
© Kopirett - Levert av Hallingdølen AS
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
Scroll to top