SundreBall
  • Heim
  • Billettar
  • Program
  • Speleliste
  • Festivalen
    • Frivillige
    • SundreBall-avisa
    • Sponsorar
  • Presse
  • Medlemskap
  • Menu Menu
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
  • Anne Fagermo

Anne Fagermo med Akerhaugen band

Anne Fagermo vart fyrst introdusert for det norske TV- og musikkpublikummet som deltakar i The Voice i 2023. Der gjorde ho fleire gåsehudframkallande versjonar av kjende låtar, til dømes Springsteen sin “I’m On Fire” og ein særs rå versjon av Kacey Musgraves sin “Slow Burn”. Vidare gjekk turen til det største TV-showet av dei alle; MGP. I 2024 vart ho nummer fem i den norske finalen med den sjølvskrivne låta “Judge Tenderly Of Me”. I mai same år følgde ho opp med sin fyrste singel, “Stolen Car”, og i 2025 kan me endeleg forvente ei heil plate frå talentet Anne Fagermo – då kjem nemleg debutalbumet hennar, på norsk!

Det forventar me blir ei plate fylt av americana, tidlaus pop og country, ut i frå inspirasjonskjeldene hennar å dømme. Dei spenner nemleg frå nemnde Springsteen til Taylor Swift, Brandi Carlile og Dolly Parton. Ein ting er sikkert: telemarkingen Anne har stemmeprakt og låtteft, sans for saksofonsoloar og ekte country-twang. Det er slikt som bør få fram godkjensla hjå mange på Sundrehall ein kald januarkveld!

All 13 /1. Fredag 0 /1. Onsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 5 /2. Fredag 0 /2. Laurdag 0 /2. Torsdag 0 /3. Fredag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /4. Laurdag 0 /Program 2019 0 /Program 2020 0 /Program 2021 0 /Program 2022 0 /Program 2023 0 /Program 2025 13 /Ukategorisert 0

Musikk-quiz

10. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Ål kulturskule

10. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Swedish Blonde

8. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Los Mexicanacas

8. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Great Tide

6. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Ruben

2. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Fashion Victims

30. november 2024/by Morten Gjeldokk

Bigbang

24. november 2024/by Morten Gjeldokk

Joakim Solbakken

24. november 2024/by Morten Gjeldokk

Anne Fagermo

24. november 2024/by Morten Gjeldokk

Thea & The Wild

7. november 2024/by Morten Gjeldokk

vinni

5. november 2024/by Morten Gjeldokk

No. 4

1. november 2024/by Morten Gjeldokk

ADRESSE

Sundrevegen 104, 3570 Ål

KONTAKTINFORMASJON

Festivalsjef: Bjarte Laa

Mobil: 976 18 996

E-post: festivalsjef@sundreball.no

Informasjonskapslar

  • Les meir om cookies
© Kopirett - Levert av Hallingdølen AS
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
Scroll to top