SundreBall
  • Heim
  • Billettar
  • Program
  • Speleliste
  • Festivalen
    • Frivillige
    • SundreBall-avisa
    • Sponsorar
  • Presse
  • Medlemskap
  • Menu Menu
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
  • Joakim Solbakken

Joakim Solbakken

Totningen Joakim Solbakken vart for nokre år sidan fjellbonde i Hemsedal og kan heldigvis difor reknast som ein av våre (les: ein ekte hallingartist!). Med songar som blir til medan kyrne rautar og vinden ular, komponert i dei korte friromma mellom fjøsstell og gardsarbeid, med utsikt til Jordheimsmyrane, er det definitivt ein del fjell-sound å spore i Solbakken sin musikk. Men låtuniverset rommar så klart også mykje meir. Etter ti år i Frelsesarmeens rusomsorg i Oslo har også menneskemøta derfrå snike seg inn og blitt til eit knippe unike, men universelle låtar, om sakn, venskap, gylne augneblikk, oppvekst – og så klart: masse kjærleik.

Sjølv beskriv han musikken som “americana med norsk twist”, og kan vise til sjølvaste Emmylou Harris som duettpartnar på ei tidlegare utgjeving saman med det mangeårige bandet sitt Humming People.

No er det altså Solbakken solo, som gjeldt. Og skal vi dømme ut frå In The Valley, den strålande plata han gav ut i april i 2024, er det duka for ei oppløftande, groovy, gitarbasert, sår OG stor musikalsk oppleving på SundreBall 2025. La oss berre si; Ihaaa, Hemsedal!

All 13 /1. Fredag 0 /1. Onsdag 0 /1. Torsdag 4 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Laurdag 0 /2. Torsdag 0 /3. Fredag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /4. Laurdag 0 /Program 2019 0 /Program 2020 0 /Program 2021 0 /Program 2022 0 /Program 2023 0 /Program 2025 13 /Ukategorisert 0

Musikk-quiz

10. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Ål kulturskule

10. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Swedish Blonde

8. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Los Mexicanacas

8. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Great Tide

6. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Ruben

2. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Fashion Victims

30. november 2024/by Morten Gjeldokk

Bigbang

24. november 2024/by Morten Gjeldokk

Joakim Solbakken

24. november 2024/by Morten Gjeldokk

Anne Fagermo

24. november 2024/by Morten Gjeldokk

Thea & The Wild

7. november 2024/by Morten Gjeldokk

vinni

5. november 2024/by Morten Gjeldokk

No. 4

1. november 2024/by Morten Gjeldokk

ADRESSE

Sundrevegen 104, 3570 Ål

KONTAKTINFORMASJON

Festivalsjef: Bjarte Laa

Mobil: 976 18 996

E-post: festivalsjef@sundreball.no

Informasjonskapslar

  • Les meir om cookies
© Kopirett - Levert av Hallingdølen AS
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
Scroll to top