Ål Kulturskule
Det kan sikkert oppfattast som ein klisjé, men i tilfellet Ål og Ål Kulturskule er det sant: Når ungdomar frå skulen opptrer, er det morgondagens stjerner du ser og høyrer. For er det ei eksportvare som stadig gjer seg gjeldande frå Ål, så er det musikalske talent innan ulike sjangrar, og i dei aller fleste tilfella har utøvaren på eit eller anna tidspunkt vore innom den mangfaldige, stolte og flotte kulturskulen vår.
Til SundreBall si store glede så gror og blømer det godt i kulturbygda. Det er lenge sidan me har sett så mange vokal- og samspelsgrupper som kulturskulen har no, og nokre er heilt klart meisla ut til å gjere det stort!
Vår oppfordring og oppmoding er difor klinkande klar: Når kulturskulen står på scena torsdagskvelden må du vere klar! Dei er kanskje unge, dei er kanskje uerfarne, men dei vidarefører Ål sine stolte musikktradisjonar fryktlaust og med brask og sjarm. Dette er ekte, dette er talent, dette er framtida og dette er festival på sitt beste!

