Funk For Forest
Om du er på jakt etter eit band som kan forvandle eit heilt rom til eit kokande dansegolv på under ti sekund, så er det berre å rette blikket mot Funk For Forest under årets SundreBall. Dette åttemannsorkesteret har dei siste to åra blitt eit ekte klubbfenomen i Oslo, der dei gong på gong har sett fyr på fullstappa salar med sin eksplosive miks av jungelfunk, disko og afrobeat.
No tek dei med seg heile det sveittfunkande maskineriet til Ål, og me kan love at dette vert ein kveld som set spor.
Funk For Forest er rett og slett rein energi – pakka tett saman i drivande blåselinjer, sylskarpe funkgitarar og bassgrooves så djupe at du kjenner dei heilt ned i hælane. Og før du rekk å hente deg inn, kjem dei brennheite tromme- og perkusjonsbrekka og løftar stemninga endå eit hakk. Målet er like enkelt som det er ambisiøst: å gi publikum kronisk rockefot.
Så ta på deg danseskoa, losne opp i nakken og gjer deg klar for eit show der du garantert går heim ein god del sveittare – og mykje gladare – enn då du kom. Funk For Forest kjem for å få deg til å røre på deg, og du kjem til å takke dei for det.

