SundreBall
  • Heim
  • Billettar
  • Program
  • Speleliste
  • Festivalen
    • Frivillige
    • SundreBall-avisa
    • Sponsorar
  • Presse
  • Medlemskap
  • Menu Menu
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
  • SKAAR

SKAAR

Frå det ville, vakre vestlandet – med djupe fjordar, kvasse fjell og eit vêrbitt kystlandskap – kjem SKAAR som ei ekte naturkraft. Ho har ei stemme som ber langt ut over barndommens strender, ein energi som kan få sjøen til å kruse, og ei innleving som treffer rett i hjarterota. Når SKAAR syng, er det umogleg å vere likegyldig; tonane hennar slyngjer seg inn i både kropp og sjel med same kraft som ein storm frå havet.

Med ein Spellemannpris for årets låtskrivar i bagasjen, har ho for lengst bevist at ho er ein artist som både tek og fortener plass. No står ho midt i byrjinga av ein ny epoke. Smerta frå «Mad Woman»-tida er lagd bak henne, og framfor seg opnar ho eit indre fantasiunivers der ho leitar etter kven ho eigentleg er, og samstundes vender heim til sine eigne musikalske røter.

Den mørke, scandi-farga versjonen av SKAAR er på veg ut døra, og inn kjem ei meir leiken, autentisk og organisk utgåve av artisten – ein SKAAR som ikkje lenger prøver å vere som dei andre, men som står trygt i å vere nett den nerdete, goofy og gøyale dama ho er. Ei skikkeleg coming-of-age-forteljing, med glimt i auget og varme i lydbiletet.

Den rå stemmekrafta, formidlingsevna og det sterke tekstuniverset er heldigvis akkurat slik me kjenner det frå før. Så det er berre å gjere seg klar: Stå støtt, pust djupt inn, og la SKAAR ta deg med inn i ein ny musikalsk dimensjon – ein stad mellom fjord, fantasi og full frigjering.

All 14 /1. Fredag 0 /1. Onsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Laurdag 0 /2. Torsdag 0 /3. Fredag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 7 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /4. Laurdag 0 /Program 2019 0 /Program 2020 0 /Program 2021 0 /Program 2022 0 /Program 2023 0 /Program 2025 0 /Program 2026 14 /Ukategorisert 0

Musikk-bingo

14. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Funk For Forest

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

SKAAR

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Rakafisklaget

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Jonas Alaska

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

The Impossible Green

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Odd Nordstoga

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Baskery

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Tønes

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Synne Sørgjerd

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Jon Ranes

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Ål Kulturskule

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Norma

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Musikk-quiz

10. desember 2024/by Morten Gjeldokk

ADRESSE

Sundrevegen 104, 3570 Ål

KONTAKTINFORMASJON

Festivalsjef: Bjarte Laa

Mobil: 976 18 996

E-post: festivalsjef@sundreball.no

Informasjonskapslar

  • Les meir om cookies
© Kopirett - Levert av Hallingdølen AS
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
Scroll to top