The Impossible Green
«Trondheims beste band» i følgje Adresseavisa, og frå Trondheim veit me det kjem mange gode artistar. Fleire av dei har vore innom SundreBall og gjort stor suksess, så då er lista og forventningane lagt slik passe høgt.
The Impossible Green har dei siste åra utvikla seg til å bli eit av dei mest spennande rockebanda i landet, både på plate og på scena, og for dei som ikkje har høyrt og sett dei på ein av dei mange stadene og festivalane dei spelte i 2025, så er det altså berre å glede seg.
Det ferskaste albumet, «Quicksilver Daydream», kom i fjor, og fekk strålande omtale også godt utanfor Trøndelag. Med referansar til 70-tals countryrock og powerpop, er albumet fylt med drivande gitarriff og mektige vokalharmoniar, så vel som hjartevarmande balladar og langstrakte låtar som skapt for lange køyreturar og for å avslutte ein festivalkveld på Sundre.
Blås opp og stem luftgitaren din, sett sjøbein og la krøllene gynge i lag med bassen, og kanskje avsluttar du kvelden med ein klinedans med den finaste du veit…

