Musikk-bingo
Musikk-bingoen går av stabelen laurdag kveld før konsertstart, og bingoen og festivalfyrispelet vert som vanleg leia av dei sagnomsuste systrene Fosse. Her treng du ikkje stille med tung musikkunnskap for å vinne eller delta.
Ta med deg godt humør, gode vener og eit par never flaks, og du kan bli av dei heldige som kan huge «Bingo!» og vinne flotte premiar. Møt opp tidleg for å kapre deg eit strategisk godt plassert bingobord og bli med på ein uforgløymeleg start på konsertkvelden!

