SundreBall
  • Heim
  • Billettar
  • Program
  • Speleliste
  • Festivalen
    • Frivillige
    • SundreBall-avisa
    • Sponsorar
  • Presse
  • Medlemskap
  • Menu Menu
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
  • Darling West

Darling West.

Endeleg har me greidd å lokke Darling West attende til SundreBall! Det er fem år sidan sist ekteparet Kreken fylte Sundrehall med velklingande melodiar og harmoniar, rett før dei skulle til byen for å hente heim ein velfortent Spellemann-pris.

Darling West er bandet som varmar og forførar med sin nordiske vri på Americana-sjangeren. Sidan sleppet av det Spellemann-vinnande albumet «Vinyl and a Heartache» har dei vore så mykje i USA at ein lett kan kalle det deira andre heimland. Deira nordiske tolking av amerikansk låt-tradisjon har på det fjerde albumet, «We`ll Never Know Unless We Try», tatt endå ein ny sving, no innom vestkystpopen sitt solfylte landskap med musikalske snev og drypp frå heltar som Fleetwood Mac, Jackson Browne og The Byrds. Albumet har hausta strålande kritikkar og begeistra publikum.

Bandmedlemane har du antakeleg sett som musikarar på scena med artistar som Odd Nordstoga, Morten Abel, Marit Larsen og Daniel Kvammen, men no er dei her for å bergta oss med sine eigne låtar. Store poprefreng, akustiske perler, nydelege harmoniar, hjartevarme tekstar og melodiar som aldri slepp taket.

På SundreBall har Mari og Tor Egil med seg Thomas Gallatin (trommer og kor) og Christer Slaaen (gitar, tangentar og kor), altså ein komplett kvartett om me har greidd å rekne riktig.

Foto: Lars Petter Pettersen

All 11 /1. Fredag 0 /1. Onsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Laurdag 0 /2. Torsdag 0 /3. Fredag 0 /3. Laurdag 4 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /4. Laurdag 0 /Program 2019 0 /Program 2020 0 /Program 2021 0 /Program 2022 11 /Program 2023 0 /Program 2025 0 /Ukategorisert 0

Markella

3. februar 2022/by Morten Gjeldokk

Spidergawd

3. februar 2022/by Morten Gjeldokk

Synne Vo

11. desember 2021/by Morten Gjeldokk

Lefseklingers

11. desember 2021/by Morten Gjeldokk

Hillman Hunters

11. desember 2021/by Morten Gjeldokk

Fieh

11. desember 2021/by Morten Gjeldokk

Death By Unga Bunga

11. desember 2021/by Morten Gjeldokk

Amund Maarud & Lucky Lips

6. desember 2021/by Morten Gjeldokk

Tradisjonell Gjeldokk Brothers-quiz

14. januar 2021/by Morten Gjeldokk

Maldito

14. januar 2021/by Morten Gjeldokk

Darling West

14. januar 2021/by Morten Gjeldokk

ADRESSE

Sundrevegen 104, 3570 Ål

KONTAKTINFORMASJON

Festivalsjef: Bjarte Laa

Mobil: 976 18 996

E-post: festivalsjef@sundreball.no

Informasjonskapslar

  • Les meir om cookies
© Kopirett - Levert av Hallingdølen AS
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
Scroll to top