SundreBall
  • Heim
  • Billettar
  • Program
  • Speleliste
  • Festivalen
    • Frivillige
    • SundreBall-avisa
    • Sponsorar
  • Presse
  • Medlemskap
  • Menu Menu
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
  • Hillman Hunters

Hillman Hunters

Hillman Hunters starta opp som eit backingband til Finn-Tore Lindahl sin figur “Høggørm-Kåre”, og bestod av musikarar frå Rakafisklaget, som i si tid gav ut tre album. Albumet «Finn-Tore og dei fantastiske fuglane» vart gitt ut i 2017 etter at Finn-Tore var gått bort. På lanseringskonserten for plata song Roger Syversrudengen på nokre av låtane, og slik starta det nye kapitlet som vart til Hillman Hunters.

Roger og Knut Aalton byrja å skrive låtar i lag i 2019, og dei skriv tekstane på halling. Hillman Hunters samla troppane hausten 2019 og rakk nokre konsertar før korona-pandemien slo inn, mellom anna spelte dei på HallingLarm. Innspeling av nytt album byrja februar 2020 og etter fleire singel-utgivingar kjem albumet «Aule» for sal i desember 2021 og vert sleppt digitalt under SundreBall 2022.

Fleire av medlemmane i bandet har spelt i lag tidlegare i ulike samansetningar mellom anna El Taco Trio, Rakafisklaget, Bluestilsynet og The Genuine Houserockers.

Musikarar:
Vokal/Gitar: Roger Syversrudengen
Gitarar/mandolin: Knut Aalton
Tangentar/sequencere/kor: Geir Hovden
Bass: Hallvard Gjøstein
Trommer/perkusjon: Hans Petter Modalen
Kor/munnspel: Leif Inge Reime
Kor: Anja Tollefsen Rodegård

All 11 /1. Fredag 0 /1. Onsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 5 /2. Laurdag 0 /2. Torsdag 0 /3. Fredag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /4. Laurdag 0 /Program 2019 0 /Program 2020 0 /Program 2021 0 /Program 2022 11 /Program 2023 0 /Program 2025 0 /Ukategorisert 0

Markella

3. februar 2022/by Morten Gjeldokk

Spidergawd

3. februar 2022/by Morten Gjeldokk

Synne Vo

11. desember 2021/by Morten Gjeldokk

Lefseklingers

11. desember 2021/by Morten Gjeldokk

Hillman Hunters

11. desember 2021/by Morten Gjeldokk

Fieh

11. desember 2021/by Morten Gjeldokk

Death By Unga Bunga

11. desember 2021/by Morten Gjeldokk

Amund Maarud & Lucky Lips

6. desember 2021/by Morten Gjeldokk

Tradisjonell Gjeldokk Brothers-quiz

14. januar 2021/by Morten Gjeldokk

Maldito

14. januar 2021/by Morten Gjeldokk

Darling West

14. januar 2021/by Morten Gjeldokk

ADRESSE

Sundrevegen 104, 3570 Ål

KONTAKTINFORMASJON

Festivalsjef: Bjarte Laa

Mobil: 976 18 996

E-post: festivalsjef@sundreball.no

Informasjonskapslar

  • Les meir om cookies
© Kopirett - Levert av Hallingdølen AS
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
Scroll to top