SundreBall
  • Heim
  • Billettar
  • Program
  • Speleliste
  • Festivalen
    • Frivillige
    • SundreBall-avisa
    • Sponsorar
  • Presse
  • Medlemskap
  • Menu Menu
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail

brenn.

Dei energiske karane i brenn., Edvard og Rémy, slapp albumet “Vandrer på solskinn” for om lag eit år sidan. Dette var oppfølgjaren til det Spellemann-vinnande debutalbumet, «Elsker» frå 2019, og endå ei energibombe frå eit band som berre veks og veks, og som ikkje kan seiast anna enn å vera nærast overtent etter at dørene endeleg opna att eller koronaåra. 

Alt ved brenn. syner at rocken framleis kan vera uredd, fri, uhøgtideleg og fargesprakande, og dessutan påverka av usannsynlege referansar frå andre musikalske sjangrar. Duoen sin unike blanding av rocken sin kompromisslausheit kombinert med popen sin leikenheit og sjarm, har gjort at dei skil seg ut i musikklandskapet og stadig trekk til seg nye, trufaste fans.

Dei elleville konsertane har utvilsamt vore brenn. sitt kjennemerke, og sommaren 2021 fekk dei endeleg vist seg fram på ei stor scene att. Omkransa av flammar på Øyafestivalen kunne bandet endeleg røre ordentleg på seg for fyrste gang på lenge, noko som sjølvsagt ga umiddelbar meirsmak.

Me må sjekke med brenn.- og brannsjefen om kor vidt pyro er tilrådeleg på SundreBall, men at band og publikum vil vera i fyr og flamme under konserten er me ikkje i tvil om.

Yellowroots

13. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Michelle Ullestad

13. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Jaa9 & OnklP

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

TORA

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

brenn.

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Tonje Halbjørhus

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Ida Maria

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Heigh Chief

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Staut

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

Gammalgrass

10. desember 2022/by Magnhild Storøygard

ADRESSE

Sundrevegen 104, 3570 Ål

KONTAKTINFORMASJON

Festivalsjef: Bjarte Laa

Mobil: 976 18 996

E-post: festivalsjef@sundreball.no

Informasjonskapslar

  • Les meir om cookies
© Kopirett - Levert av Hallingdølen AS
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
Scroll to top