SundreBall
  • Heim
  • Billettar
  • Program
  • Speleliste
  • Festivalen
    • Frivillige
    • SundreBall-avisa
    • Sponsorar
  • Presse
  • Medlemskap
  • Menu Menu
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail

No. 4

Popbandet No. 4, beståande av Emilie Christensen, Ingeborg Marie Mohn og Julia Witek, er for mange sjølve “lyden av Noreg”. For det første var songen “Lite og Stort” det som gjorde Widerøe-reklamen som bestod av korte videoklipp frå vanlege folk i heile landet til ein udødeleg reklameklassikar i 2014.

For det andre er No. 4 einstydande med moderne jul for mange av oss, sidan dei kvart år kjem ut med ei nyskrive julelåt som alltid, på perfekt vis, fangar den trist-fine kjensla mange tross alt kjenner på i mørketida.

Og for det tredje: Songane «Alt feil», «Henda i været» og “Vil ikke hjem” har blitt moderne klassikarar som treff lyttarar på tvers av generasjonar. Bandet har i det heile tatt ein sjelden evne til å fange kjenslene i dei små, kvardagslege augneblikka og å beskrive dei presist og kjenslevart.

Hausten 2024 slapp trioen sitt femte album, Indre liv, og sounden er som alltid draumande, jordnær, sjelfull og rå. Med sin ærlege og personlege veremåte er bandet ein livefavoritt i heile Noreg, og når bandet spelar live er konsertane alltid fulle av allsong, dans og elektrisk stemning.
Uansett om SundreBall blir din første No. 4-konsert eller din tiande – du er varmt velkomen!

All 13 /1. Fredag 0 /1. Onsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 5 /2. Laurdag 0 /2. Torsdag 0 /3. Fredag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /4. Laurdag 0 /Program 2019 0 /Program 2020 0 /Program 2021 0 /Program 2022 0 /Program 2023 0 /Program 2025 13 /Ukategorisert 0

Musikk-quiz

10. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Ål kulturskule

10. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Swedish Blonde

8. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Los Mexicanacas

8. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Great Tide

6. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Ruben

2. desember 2024/by Morten Gjeldokk

Fashion Victims

30. november 2024/by Morten Gjeldokk

Bigbang

24. november 2024/by Morten Gjeldokk

Joakim Solbakken

24. november 2024/by Morten Gjeldokk

Anne Fagermo

24. november 2024/by Morten Gjeldokk

Thea & The Wild

7. november 2024/by Morten Gjeldokk

vinni

5. november 2024/by Morten Gjeldokk

No. 4

1. november 2024/by Morten Gjeldokk

ADRESSE

Sundrevegen 104, 3570 Ål

KONTAKTINFORMASJON

Festivalsjef: Bjarte Laa

Mobil: 976 18 996

E-post: festivalsjef@sundreball.no

Informasjonskapslar

  • Les meir om cookies
© Kopirett - Levert av Hallingdølen AS
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
Scroll to top