Musikk-quiz
Fredagskvelden på SundreBall startar som vanleg med musikk-quiz, som vanleg er det ingen som veit heilt kva dei kan vente seg, og som vanleg veit antakeleg ikkje quiz-masterane, Lars og Morten, svar på alt dei spør om heller. Uansett lovar Riise & Gjeldokk både uventa kategoriar, tvilsame hint og spørsmål der fasiten gjerne er like overraskande som spørsmåla.
Ta med deg opparbeidd musikkunnskap, nyreinska øyregangar og blankpussa auge, og slå deg i lag med familie, gode naboar, gamle og nye vener, men maks 6 deltakarar på laget. Baren serverar god mat og drikke medan quiz-masterane serverar musikkoppgåver med kryss og b, samt fantastiske premiar, før kveldskonsertane brakar laus fredagskvelden.

