Norma
Norma er eit Spellemannsnominert og Fjordingpris-vinnande country/pop-nordicanaband som i hovudsak består av fire musikarar frå Halden. Dei begynte i 2020 i små og vanskelege kår som duo i pandemitid, men vaks fort til eit fullverdig band og i 2023 kom dei ut med sin fyrste EP.
Inspirert av alskens anna av cowboyhatt-prega musikk som Aaron Lee Tasjan, Embla & The Karidotters, Grateful Dead, Wilco, Billy Strings, Sierra Ferrell, framfører Norma sentimental og fargerik americana-pop som stadig og vel vitande bryt med sjangerforventningar.
Norma stiller på SundreBall med trestemte harmoniar, sjarmerande og sjanglete el-gitarmelodiar, mjuke pedal steel-linjer, ein spretten og tight rytmeseksjon, og med melodisk sett ironisk distanse, leverer vokalist Jørgen Nilsen ein elles ganske alvorleg tekstleg tematikk som omhandlar alt frå relaterbar mellommenneskeleg konflikt til indre personlege utfordringar… puuuuh, så det!
Møt opp med hatt, bart og nyfeia øyregangar, så vil du høyre kva me meiner, og du vil gå smilande frå konserten som nyfrelst Norma-fan.

