SundreBall
  • Heim
  • Billettar
  • Program
  • Speleliste
  • Festivalen
    • Frivillige
    • SundreBall-avisa
    • Sponsorar
  • Presse
  • Medlemskap
  • Menu Menu
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
  • Jon Ranes

Jon Ranes

Jon Ranes legg ut på VERDENS BESTE TURNÉ og kjem då sjølvsagt innom VERDENS BESTE FESTIVAL!
Jon Ranes har gjort stor suksess med rapgruppa Undergrunn. I 2022 debuterte han som soloartist med albumet «Loverboy», som også er artistnamnet han nyttar i Undergrunn.

Hausten 2025 slapp Jon Ranes ut sitt andre album: VERDENS BESTE ALBUM – eit ærleg, ambisiøst og rått prosjekt som trefte ny og gamal fans rett i hjarta.

«Eg har laga haust- og vintermusikk. Verdas beste type musikk. Og den skal spelast høgt i heile Norge», seier Ranes.

På VERDENS BESTE ALBUM utforskar 23-åringen ei ny og meir moden side av seg sjølv. Han skriv om kjærleik, einsemd, kunstig intelligens og det å vokse opp, med både humor, sårheit og trøkk.

Albumet trekker linjer mellom skandinavisk visepop og klassisk rock, inspirert av nolevande og noverande legender som Håkan Hellström og Stein Torleif Bjella. Sistnemnde, altså visepresidenten på Styrkestad, er med på låta “Trasige sko” på fyrste plata til Jon.
Parallelt med artistkarrieren har Jon Ranes markert seg som ein lovande skodespelar. Multitalentet har imponert i filmar som «Ut og stjæle hester» og «Konvoi», og i TV-seriane «Pørni» og «Flus».

Jon Ranes har blitt kjent for sin unike utstråling og sine energiske konsertar. Saman med bandet sitt, The Heartbreakers, truleg ikkje dei Tom Petty hadde med seg, held dei full kok frå start til slutt. Her må ungdom, unge og gamle vaksne kjenne sin besøkstid – dette blir VERDENS BESTE KONSERT!

All 14 /1. Fredag 0 /1. Onsdag 0 /1. Torsdag 4 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Laurdag 0 /2. Torsdag 0 /3. Fredag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /4. Laurdag 0 /Program 2019 0 /Program 2020 0 /Program 2021 0 /Program 2022 0 /Program 2023 0 /Program 2025 0 /Program 2026 14 /Ukategorisert 0

Musikk-bingo

14. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Funk For Forest

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

SKAAR

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Rakafisklaget

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Jonas Alaska

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

The Impossible Green

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Odd Nordstoga

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Baskery

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Tønes

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Synne Sørgjerd

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Jon Ranes

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Ål Kulturskule

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Norma

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Musikk-quiz

10. desember 2024/by Morten Gjeldokk

ADRESSE

Sundrevegen 104, 3570 Ål

KONTAKTINFORMASJON

Festivalsjef: Bjarte Laa

Mobil: 976 18 996

E-post: festivalsjef@sundreball.no

Informasjonskapslar

  • Les meir om cookies
© Kopirett - Levert av Hallingdølen AS
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
Scroll to top