Tønes
Tønes heiter eigentleg Frank Tønnesen, kjem frå Sokndal i Rogaland, og er ein av dei beste låtskrivarane og tekstforfattarane i landet. På peishylla har han så langt Prøysenprisen, Dialektprisen og fire Spellemannprisar. Suksessoppskrifta til Tønes er ikkje ulik den fleire artistar frå Hallingdal nyttar: Underfundige og humoristiske historier, og kvardagsfilosofi om små og store ting, skrive og framført på dialekt.
Med seg til SundreBall har han Anne Lise Frøkedal – ein musikalsk makker som kler Tønes sitt univers som hand i hanske.
Frøkedal er ein anerkjent artist og låtskrivar i eige namn og i andre orkester som har gjesta Ål og Sundrehall fleire gonger: Frøkedal & Familien, Bergen Mandolinband og Lady Hardanger. Ho er kjend for si særeigne stemme og evne til å skape stemningsfulle, melankolske og tidlause lydlandskap.
Ein kveld med Tønes og Anne Lise Frøkedal byr på lune historier, ærlege betraktningar og ein god porsjon latter – alt levert med glimt i auga og med hjartet på rette staden.

