Baskery (SE)
Vent deg banjopunk, newfolk, nordicana og eit energisk liveshow med hårreisande kvasse syskenstemmer!
Baskery er systrene Greta, Stella og Sunniva Bondesson, som sidan dei starta opp i 2008 har sleppt seks album og har turnert verda rundt. Dei har mellom anna vore oppvarmar for Gary Clark Jr, Robbie Williams og Brandi Carlile, og dei har spelt på store festivalar som Glastonbury og SXSW, og endeleg altså SundreBall!
Uansett kor systrene spelar så bryt publikum ut at dei har verken sett eller høyrt noko liknande, at Baskery har ein heilt unik samansetning og opptrer med ein utanomjordisk energi.
Baskery handlar om å setja musikken på hovudet, om å blande punkens beintframme og fryktlause med det subtile og finstemte i singer/songwriter-tradisjonen.
På «The Young Sessions – live to tape» frå 2024, tolkar Baskery låtar av Neil Young. Albumet speglar systrene si store kjærleik til Neil Young sin låtskatt og deira instinktive forståing for det musikalske uttrykket han har.
Ta med skjorteskift og gjer deg klar for ei unik musikkoppleving!

