SundreBall
  • Heim
  • Billettar
  • Program
  • Speleliste
  • Festivalen
    • Frivillige
    • SundreBall-avisa
    • Sponsorar
  • Presse
  • Medlemskap
  • Menu Menu
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
  • Jonas Alaska

Jonas Alaska

Når ein snakkar om dei verkelege store låtskrivarane i sin generasjon, er det vanskeleg å kome utanom Jonas Alaska. Med udøyelege songar som «October», «If Only as a Ghost», «In The Backseat» og «Morning Light» har han for lengst skrive seg inn i den norske musikkhistoria. Allereie med debutalbumet vart han trippelnominert til Spellemann, og sidan den gong har han gitt ut seks album som har fått strålande mottaking både her heime og internasjonalt.

Etter suksessen med det kritikarroste «Roof Came Down» i 2020, sette Alaska seg ned med eit mål om å skrive poplåtar for andre artistar. Men undervegs blei han så glad i materialet at ville behalde alt sjølv – og slik blei det sjuande albumet «Girl» fødd. Den litt utypiske plata fekk stor merksemd og førte til mykje radiospeling på P3, P13 og P1.

No er Jonas Alaska tilbake der mykje starta: nesten heilt åleine med gitaren og pianoet. Det nye musikalske prosjektet hans er smakfullt minimalistisk og varmt produsert av hans mangeårige makker, Mikhael Paskalev, og med sterke tekstar og vakre melodiar, som Alaska er så kjent for. Kritikarane har aldri vore knappe på superlativane – alt frå John Lennon-samanlikningar til lovord om tidlause 60- og 70-talsreferansar.

Når han no kjem til SundreBall får du oppleve Jonas Alaska akkurat slik han trivst aller best: På scena, tett på publikum og med heile songkatalogen innan rekkevidde. Ein kveld med nye og gamle favorittar – presentert av mannen som har skrive dei, i lag med eit knakande godt band. Dette vert stemningsfullt, dette vert stas!

All 14 /1. Fredag 0 /1. Onsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Laurdag 0 /2. Torsdag 0 /3. Fredag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 7 /4. Laurdag 0 /Program 2019 0 /Program 2020 0 /Program 2021 0 /Program 2022 0 /Program 2023 0 /Program 2025 0 /Program 2026 14 /Ukategorisert 0

Musikk-bingo

14. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Funk For Forest

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

SKAAR

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Rakafisklaget

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Jonas Alaska

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

The Impossible Green

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Odd Nordstoga

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Baskery

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Tønes

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Synne Sørgjerd

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Jon Ranes

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Ål Kulturskule

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Norma

7. desember 2025/by Morten Gjeldokk

Musikk-quiz

10. desember 2024/by Morten Gjeldokk

ADRESSE

Sundrevegen 104, 3570 Ål

KONTAKTINFORMASJON

Festivalsjef: Bjarte Laa

Mobil: 976 18 996

E-post: festivalsjef@sundreball.no

Informasjonskapslar

  • Les meir om cookies
© Kopirett - Levert av Hallingdølen AS
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
Scroll to top