Rakafisklaget
Eit svært utvida Rakafisklag gjorde reint bord under ein dobbeltkonsert i Kulturhuset Nesbyen kvelden før nasjonaldagen i fjor vår. No kjem eit meir komprimert, men nærast originalt Rakafisklaget til SundreBall for å diske opp med dei herlegaste rettar.
Høggørm-Kåre (Finn-Tore Lindahl) var ein markant frontfigur og utgjorde sjølvsagt ein vesentleg del av showet og gruppas karakter då Rakafisklaget spelte live. Finn-Tore, som gjekk bort i 2016, hadde eit komisk talent og ei visuell framføring som ingen som fekk oppleva han vil gløyme. Dagens versjon freistar ikkje å erstatte Høggørm-Kåre, men energien er i høg grad til stades med feite gitar- og orgelriff. Dette høgg, og i denne utgåva får tekstane endå større rom og liv, og alvoret og sorga, knuste draumar og harde realitetar, som også ligg i mange av desse låtane, kjem tydeleg fram, godt krydra med humor på toppen.
Rakafisklaget lovar ein «best-of»-konsert med låtar frå alle albuma og det kjem til å svinge heftig med ein god eim av blues, rock’n’roll og amerikana.
Store delar av Rakafisklaget har spelt i andre lag på tidlegare SundreBall t.d Hillman Hunters og Tush, så dette veit me er topp lokal, kortreist kvalitet, og alt av tekst og musikk er sjølvskrive og heimelaga av Finn-Tore Lindahl og Knut Aalton, altså ingen lettvinne cover-låtar.
Me siterer eit anna orkester frå Hallingdal: «Finst «kji maken te Rakafisklaget!»

