Når det tek til å bli seigt å halde ut med nyttårsforsetta, appetitten har kome seg att etter late juledagar med feit mat, kald akevitt og småkaku, og medan festival-Norge elles ligg i vinterdvale, så har kulturbygda Ål i Hallingdal etablert ein tradisjon for å starte det nye musikkåret med festival sist i januar: SundreBall
Ål? Midt i mellom Oslo og Bergen anten du køyrer bil eller tog. Ei kulturbygd der du knapt kan passere ei peishylle utan å dulte borti ein Spellemannpris. Me nemner artistar som Toradertrioen, Hellbillies, Stein Torleif Bjella, Darling West og Tove Bøygard. Les meir om Ål her: VisitÅl
SundreBall musikkfestival går føre seg på Sundre, sentrum i Ål, i grendahuset Sundrehall, som stod ferdig i 1927. Dette er rammene og kulissene for ein intim musikkfestival i «den kalde, fine tida» som trekker til seg både stuttreiste og utanbygds publikum og artistar. Festivalen såg dagens lys, sjølv om det er lite dagslys på denne tida, i 2014 og har deretter våre årleg utanom 2021 då pandemi og restriksjonar sette ein stoppar for alle større kulturarrangement.
I 2024 feira SundreBall 10 årsjubileum med «svart plakat» der ingen av artistane vart annonsert før dei stod på scena og festivalen vart utselt alle dagar, og utselt var det jammen med «vanleg» plakat i 2025 også.
Er det noko å lure på?
Kjøp billettar her