Jarle Bernhoft & The Fashion Bruises.
Bernhoft tek med seg sine meistermusikantar i The Fashion Bruises og skal sørge for jubel på SundreBall.
Bernhoft lagar musikk både for hjarta og hjerne, med eit ynskje om å få folk til å danse OG tenke. Det forrige albumet, Humanoid, bestod av låtar som er hakket meir upbeat enn tidlegare, med anslag av rein rock.»42-åringen har nemlig full kontroll når han kan hygge seg fritt med bandkompisene i dette dynamiske og upretensiøse formatet av lettbeint funk, soul og radiorock,»skreiv Dagbladet då dei ga ein femmer.
«Jeg har blitt utrolig glad i å spille gitar igjen, det har på en måte blitt mitt happy place jeg kan rømme til,» uttalte Bernhoft i samband med albumutgjevinga.