SundreBall
  • Heim
  • Billettar
  • Program
  • Speleliste
  • Festivalen
    • Frivillige
    • SundreBall-avisa
    • Sponsorar
  • Presse
  • Medlemskap
  • Menu Menu
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
  • Torgeir Waldemar

Torgeir Waldemar.

Verda har ikkje blitt ein betre stad. Tvert i mot, var Torgeir Waldemar sin konklusjon etter å ha servert verda, fyrst ei eksistensiell og deretter ei politisk, rasande plate. I turbulente tider der murar blir reist og hat blir spreidd, kva skulle hovud bodskapen for den nye plata vera? Svaret var banalt, men enkelt. Waldemar og produsent AndersMøller kom fram til at det einaste me alle saman har er kvarandre–kjærleiken.

Dei som har opplevd Torgeir Waldemar med fullt band veit at det er eit øyredøvande lokomotiv av eit orkester, som uanstrengt vekslar mellom å rocke hardt, jamme psykedelisk eller spele gyngande countryrock.Det er denne bandkjensla Waldemar har gjenskapt på sitt nye album, Love, som kjem ut i januar 2020. Samstundes ligg tekstane og bodskapen i botn, og sørger for at nerven han er kjend for alltid er til stades.

Etter å ha nytt stor suksess med dei to fyrste studioalbuma sine, Torgeir Waldemar(2014) ogNo Offending Borders(2017), har Torgeir Waldemar etablert seg heilt i toppsjiktet av rocka, norske trubadurar. Medan debuten var ei innoverskuande og melankolsk plate, var oppfølgjaren eit politisk rockemonster. På minialbumet Jamais Vu(2018) kombinerte Waldemar desse to aspekta av sitt musikalske virke, der han strippaned rockelåtane og rocka opp dei akustiske låtane. Det går ein raud tråd gjennom Waldemar sin musikk, og nytt album og SundreBall-konsert blir ei naturleg fortsetting av dette.

All 12 /1. Fredag 0 /1. Onsdag 0 /1. Torsdag 4 /1. Torsdag 0 /1. Torsdag 0 /2. Fredag 5 /2. Fredag 0 /2. Fredag 0 /2. Laurdag 0 /2. Torsdag 0 /3. Fredag 0 /3. Laurdag 6 /3. Laurdag 0 /3. Laurdag 0 /4. Laurdag 0 /Program 2019 0 /Program 2020 0 /Program 2021 0 /Program 2022 0 /Program 2023 0 /Program 2025 0 /Ukategorisert 0

LADY MOSCOW

21. november 2019/by Morten Gjeldokk

ZIGGY WILD

21. november 2019/by Morten Gjeldokk

REAL ONES

21. november 2019/by Morten Gjeldokk

TORGEIR WALDEMAR

21. november 2019/by Morten Gjeldokk

DANIEL KVAMMEN

20. november 2019/by Morten Gjeldokk

KEFEIDER

20. november 2019/by Morten Gjeldokk

Frøkedal & Familien

20. november 2019/by Morten Gjeldokk

DJ SUNDREHUND

20. november 2019/by Morten Gjeldokk

MOVING OOS

20. november 2019/by Morten Gjeldokk

MOYKA

20. november 2019/by Morten Gjeldokk

JARLE BERNHOFT & THE FASHION BRUISES

20. november 2019/by Morten Gjeldokk

Adam Douglas

20. november 2019/by Erlend Medgard

ADRESSE

Sundrevegen 104, 3570 Ål

KONTAKTINFORMASJON

Festivalsjef: Bjarte Laa

Mobil: 976 18 996

E-post: festivalsjef@sundreball.no

Informasjonskapslar

  • Les meir om cookies
© Kopirett - Levert av Hallingdølen AS
  • Facebook
  • Instagram
  • Mail
Scroll to top