Tove Bøygard.

Tove Bøygard hausta ovasjonar frå ei samla musikkpresse for sitt 2017-album, «Blåe Drag». Dette er Tove sitt andre soloalbum. Ho har òg gitt ut tre plater med si syster Anita i duoen Bøygard, og deira siste, «Blågras frå Skrindo», vart nominert til Spellemann i 2014.

Musikken på «Blåe Drag» befinn seg i eit landskap som kan beskrivast som «Country Noir» – Dolly Parton møter Nick Cave i ein Tom Waits-diner. Mange av låtane loddar i det mørkare leiet både musikalsk og tekstleg.

Tove Bøygard er kjend for å vera ein artist med eit veldig sterkt nærvær og god formidlingsemne. Til SundreBall tar ho med seg sitt faste band, som òg speler på plata, og består av dei fremste rootsmusikarane i Norge: Freddy Holm (gitar og fele), Jørun Bøgeberg (bass) og Eivind Kløverød (trommer)